Skrevet av Bjørn Bergenheim jr    mandag 23. november 2009 07:23   
Web intervju med Lidun Hareide
thumb_Lidun_Hareide1. Kort om deg selv:
Eg har padla i vel fem år, og har akkurat blitt vegleiar hav. I tilleg har eg tatt BCU 4 star og 5 star opplæring, og eg har teknikkurs elv. Eg likar best havpadling - og aller best likar eg å vere i bølger og på lange turar langt borte frå sivilisasjonen. Eg tek alle spennande kurs eg kjem over, og aller best likar eg kurs av typen "incident management". Til no har eg tatt fem av desse - med ulike britiske og nordamerikanske instruktørar - og eg lærer noko nytt kvar gong.


2. Hvilken padleklubb er du medlem i?
Eg er leiar for BSI-padling, ein aktiv hav og elveklubb i Bergen. Sjekk oss ut på bsipadling.no


3. Hva er din A. favorittkajakk og B. Padleåre?
Favorittkajakken er Romany, den passar til alt bortsett frå langtur, sjølv om det går det også : ) No er eg ganske fascinert av Tiderace x-plore s, så romanyen får nok litt konkurranse framover. Favorittåra for tida er Werner Calliste, men eg er i ferd med å kjøpe ei delbar karbon grønlandsåre, så vi får sjå om den rykkjer opp på favorittlista.


4. Har du en favoritt duppedings som du må ha med deg på tur?
MRS reactor er ein flott brennar som kokar vatn på rekordtid, og han er kjempefin til all mat som kan lagast i ei gryte. Problemet er at det finnest berre ei panne til brennaren, men MRS kjem heldigvis med ei ny og større panne til våren. Elles har eg laga meg eit matsett med små flasker med olivenolje, maldonsalt, karri, safran, sitronpepar, timian, kanel, kokosmelkpulver... stort sett det eg treng for å gjere trauste ingrediensar til eit lite festmåltid. Eg har som mål å finne meir av maten min undervegs på tur, for å sleppe å hale med meg alt eg skal spise, og då er eit kryddersett essensielt. Ellers er eg veldig glad i vindsekken/nødbivuakken min frå Hilleberg. Den er deilig å krype inn i på sure dagar.


5. Beste mattips på tur?
Eg er allergikar, og må lage all mat frå grunnen av. Til lengre turar tørkar eg kylling, frukt, bær og grønnsaker, og supplerer med ferske varer. Konjakkmarinert andebryst med grønnsaker, saus av tørka bringebær og fersken samt poteter bakte på bål, er ein den største favoritten. And er mettande og held seg lenge. Laksefilet med grønnsaker bakt i folie på bål med nysteikt focaccia til, er også ein hit. Finn vi skjell er hjerteskjellrisotto lekkert - eller blåskjellsuppe med safran. Har vi lite tid, går det mykje i karri - scampi i grøn karri, kylling i raud karri, tamilsk karri - med ris eller risnudlar til. Eller tapas. Ellers er linser og kikerter fine på tur - dei veg lite og har høgt næringsinnhald og mykje smak. Spansk kikerterstuing med chorizo, poteter, tomat, løk og kvitløk er godt og mettande - og veldig raskt å lage.

Frukosten er ofte den største utfordringa på lengre turar. Havregraut går fint ei god veke - og så blir eg fryktelig lei. Då må eg stå opp ein halvtime tidelegare enn eg brukar for å bake brød. Nybakt focaccia er godt, og til pålegg brukar eg ofte raud eller grøn pesto og manchego eller parmesan, då desse held seg lenge. Har eg gøymt unna nokre gode oliven, eller litt speka and er luksusen komplett.


6. Hva er din beste padleopplevelse?
Det er vanskelig å velje berre ei oppleving, eg har så mage gode padleopplevingar! Surfing i tidevannsstraumen Penrhyn Mawr ved Anglesey er eit høgdepunkt. Padling framfor Sveabreen på Svalbard i det breen kalvar, er eit anna. Ein vårtur rundt Runde var magisk. Stadtlandet er alltid fantastisk, kritkvit sukkersand i Hoddevika, høge grøne fjell, uendeleg hav og spennande grotter. Og sjølvsag god surf! Turen saman med Einar Magnussen frå Henningsvær rundt Flakstadøy og Moskenesøy i Lofoten var eit samanhengande eventyr. Einar har skrive ein flott artikkel om turen, sjå http://qajaq.no/article.asp?id=90


7. Har du noen padleprosjekter på gang?
Eg har veldig lyst på langturkajakk, ein langtur i Romany er i grunnen nok : ) Eg har prøvd mange ulike, og det ser ut til at eg endar opp med ein Tiderace x-plore s. Elles er eg fullt i gang med å planlegge neste sommars langtur. Eg har eg veldig lyst til å padle i Scoresbysound på aust-Grønland, men dei eg skulle padle med, har trekt seg. Eg byrjar i skytterlag over nyttår for å vere førebudd dersom eg greier å verve nokon til turen i tide. Går ikkje det, blir det nok ein ny tur til Svalbard, kombinert med ein vekestur til Kosterøyane. Elles drøymer eg om å padle i Sør-Chile, og håper å få det til i jula om to år.


8. Hvilke padletreff og samlinger har du tenkt å delta på i 2009?
I 2009 var eg på symposiet i Anglesey, på Merdøsamlinga ved Arendal, på Goltasamlinga, på aktivitetsleiarsamlinga i Hustadvika, og på den uformelle vegleiarsamling i Haugesund. I tillegg var eg på to samlingar på vegleiarkurset. Planene for neste år er ikkje på plass enno, men det blir heilt klart ei samling i England, enten symposiet i Anglesey eller ein tur til Jeff Allen i Cornwall for å leike i tidevansstraumar. NPF sine aktivitetslleiarsamlingar har gitt meirsmak, så eg blir nok å finne på ein del av dei. Og sjølvsagt skal eg på Goltasamlinga : )


9. Er du noe du savner som kajakkpadler i Norge?
Store tidevannsstraumar som ein kan surfe. Moskstraumen er fantastisk, men glassklare ståande surfebølger har vi ikkje i Norge dessverre. Dessutan ønskjer eg meg fleire vegleiarsamlingar. Det er så mykje meir ein kan lære, heldigvis : )